torsdag 5. juni 2014

Ved veis ende

Zambia. Zimbabwe. Mosambik. Sør-Afrika. Botswana. Varme. Trening. Mygg. Solkrem. Store dyr. Små dyr. Soling. Eksamensskriving. Bonus-familie. Besøk. Loff med peanøttsmør. Frityrkokt kylling.  


Etter å ha brukt 25 boksar myggspray, 7 flasker solkrem, 4 boksar Møllers tran, lese 15 bøker, sett eit ukjent antal filmar og tv-seriar, skrive 4 eksamenar, ete på Olgas ca 50 gonger, budd delvis saman med Morten i 3 mnd, vore inn og ut av stråhytto i 10 mnd, spelt kabal 7000 gonger, blitt bestevenn med ei på 5, ete store mengder mais i forskjellige former, blitt bestemor til 12 kyllingar, fått nye bekjentskap i store delar av Norge++, er det no på tide å reisa heim att til fagre Noregs land. Reknar med at eg blir møtt av ein velkomstkomite på Gardermoen på lordag;)

Her er nokre bilete frå den siste tida i Zambia

17.mai feiring i Lusaka


Jarlsberg, laks, sognemorr!!! Say no more

Jentene kosar seg på reception sjå ambassadøren 16.mai

Champagnefrukost Zambian-style 


Hipp Hipp

Hurra

Leikar måtte til!

Så var det tid for eit 3-timarsløp på sjølvaste 17.! 1km så månge gonger som mulig på 3 timar

Sletne, men fornøyde norskar


Og jaggu vann me ikkje kvar vår klasse og;) Veldig hard konkurranse btw;)

Dei likar pokalar og medaljer her nede

Var ei siste veke i landsbyen, og Mama insisterte på å få vaska sekken min før eg reiste

Sambuarane gjere seg klar for ein siste fest i Livingstone

onsdag 14. mai 2014

Nest siste tur til landsbyen. Harvest, tur til Livingstone med ungane og Ida Tournament

3 V.EK.E.R. I.G.J.E.N

Då er det snart berre tre veker att her i Zambia. Og eg har berre igjen ei veka i landsbyen. Det er litt vemodig sjølvsagt, og eg gruar meg til å sei endelig farvel. Veit at eg kjem til å reisa ned att på besøk, men kven veit kva tid det kjem til å skje. Uansett, var nylig der i 10 dagar og innhaustinga av maisen er godt i gong, og eg får lov å vera med ein time om dagen (dei er redde for at eg skal bli sleten);) Det er eit arbeid eg likar godt i grunn. Har sakna dei stundene med slikt arbeid, der tankane vandrar og plutselig har ein arbeidd ei stund uten å tenka særleg over det.

Mama is harvesting

Adam

Vetlesøs. Slik eg kjem til å hugsa ho<3

Nytt spel ifrå Tante eller Mamma. Populært er det iallefall:)

Tidlig mørkt om dagane. Og deilig kaldt om nettene:)

Fyrste bybesøk for ungane

For ei veke sidan tok eg med ungane, "svigerinna" og Mama til Livingstone for å sjå Victoria Falls. Ungane hadde aldri vore i byen før, og det var mange nye inntrykk for dei, hehe. Trailerar, lyskryss, butikkar, asfalterte vegar osv. Tok dei også med på pizza-restaurant. Det var ingen suksess då nesten ingen av dei likte pizza, men men, då har dei iallefall fått smakt det;)

Aldrig har dei sett så mykje vatn før, og nokre syns det var litt skummelt

På brua som grensar til Zimbabwe

Ida Tournament

Sist veke var eg med å arrangere ei netball- og fotballturnering i landsbyen. 6 fotballlag og to netballag deltok. Dei bestemte at turneringa skulle heite Ida Tornament, haha. Så no må eg sponsa turneringa kvart år framøve;);)
Turneringa varte i to dagar, og mange skuelystne dukka opp for å få med seg den store hendinga;) 


Nokre av t-skjortene ein ser her i Zambia er berre herlige! Haha

Nice hat!

Tommel opp for turnering







søndag 11. mai 2014

Anja på besøk!

Anja på besøk
 


Dagen etter at eg skiltes lag med familien i Botswana, fekk eg besøk av Anja, som jobbar i Lusaka. Ho heldt meg med selskap i ei veke, der soling, trening og egentlig eksamensskriving stod på timeplanen. Eksamen vart nedprioritert, og me fann ut at me hadde god tid på oss til den skal leverast før me reiser heim. Å bli brune før me kjem heim er tross alt viktigare;)
Sommerkroppen 2014 på G!

Markus veldig glad for å få besøk


Detta som blir prioritert framøve! Anja multitaskar!


Besøk!

Hallaien!

No nærmar det seg heimreise noko voldsomt, og det er ikkje så lenge til eg kan sei; beint heimte!

Dei siste fire vekene har gått fort, og dei komandes fire vekene kjem nok til å gå endå fortare. 

Uansett, eg har jo hatt besøk av familien + tante Anne og fetter Fredrik, sidan sist. 
Dei ankom Palmesøndag og var her ei veka. Som sikkert dei fleste har fått med seg, så fekk opphaldet ein kjedelig slutt, då me hadde innbrot i hyttene medan me låg og sov, når me var på safari i Botswana. All bagasjen til mamma, pappa, tante og Fredrik forsvann, inkludert pass, penger, kamera, ipadar osv. Men det verste var nok at mamma og pappa vart trua på livet, då dei vakna medan tjuvane var på veg inn i hytta. Det er sjølvsagt ei traumatisk oppleving, spesielt då hu mor var skeptisk til å reisa til Afrika i det heile tatt. Men, ingen vart skadd og det er det viktigaste. Dei kom seg til slutt heim etter å ha venta på nødpass på flyplassen i Johannesburg i to dagar pga påskeferie. Eg trur dei har kome til hektene no, og eg meiner at dette kjem til å bli ein bra historie å fortelja under familieselskap, til barnebarna osv, om nokre år;)
Dessutan slapp dei å dra på masse bagasje på veg heim att, og det er jo eit pluss det og;)

Resten av veka storkoste me oss, så eg håpar dei sit att med nokre gode minner iallefall:)
Leveransar ifrå Norge <3


Heilt ok med ei veka på hotell:):)

Tanning

Og masasje!

Travel light, haha

Pappa og Helene klar for safari i Botswana

Pappa er nøgd med hatten!

Pils og safari =)

Fetter og kusine på eventyr

HELDIGVIS tok ikkje tjuvane hatten til Pappa

FERNET, MYGGMIDDEL, SKO OG TOALETTSAKER var alt Tante hadde igjen



Søtaste!




Sjå frisøren


Fine syste


Frukostidyll;)

Mykje vatn for tida

Turistas

Solnedgong ved hotellet

Innom i Casa de Seim/Rostille

Reptilpark, denna var ca 1 år

Ingenting i veien med skiltinga iallefall;)

Eg fekk kjøra bil for fyrste gong, hurra!

Vart møtt av Bestemor si song- og dansegruppe

Stor stas med så mange kvite folk på besøk, haha

Bestemor ledar an

Stas med besøk!

Her sit alle dei som har høg "status". Damene må sitta på marka

Mamma fann seg sjølvsagt ein baby og dulla med

Pappa inspiserar kornlageret

Eg fær vondt i hjarta av å tenka på at eg må sei hadet til hu her snart

Fredrik prøver pumpa

Pappa sin skalle er ikkje akkurat som skapt for å bera vatn på hovudet

Sigrid meinte hu var eit naturtalent;)

På Maramba Market





CAPENTA. Smakar sild



Safari-guiden vår




Dessa slåss

Bøffel og vortesvin

Hustelta me budde i på lodgen der me hadde innbrudd

Dagen derpå. Fredrik hadde heldigvis mobilen på lading i resepsjonen den nåtta